Klyngeleiar Gro Rukan

Vilje til samarbeid!
Dei venta utfordringane i helsesektoren er så store at ingen kan løyse dei åleine. Vilje helseklynge samlar utdanning, helse- og omsorgssektoren, næringsliv og andre organisasjonar for å dele kunnskap, lære, teste og utvikle saman. Gjennom gode møteplassar med tilgang til kompetanse og testfasilitetar legg vi til rette for innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane.
Bli partnar i klynga og ta del i fellesskapet!
Visste du at i norrøn mytologi var guden Vilje ein av tre brør som skapte verda?
Han gav menneska ånd og forstand – evna til å tenke og skape noko nytt.
Namnet er difor eit symbol på vår vilje til nyskaping gjennom samarbeid og kunnskap.



































