Personvernerklæring
Denne personvernerklæringa forklarer korleis Vilje helseklynge samlar inn og brukar personopplysningar.
Vår adresse:
Vilje Helseklynge
Sunnfjord Utvikling, Peak Sunnfjord
Hafstadvegen 25
6800 Førde
Denne erklæringa gjeld for: viljehelseklynge.no
Vilje helseklynge, representert ved leiar Gro Rukan, er ansvarleg for behandling av personopplysningane.
Erklæringa inneheld informasjon du har krav på når vi samlar inn data frå nettsida vår (jf. personopplysningslova § 19), og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (jf. personopplysningslova § 18, første ledd).
Vår databehandlar for denne nettsida er:
Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240
Kva personopplysningar vi samlar inn og kvifor
Informasjonskapslar (cookies)
Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir lagra på datamaskina di når du besøkjer ei nettside.
Vi brukar ikkje unødvendige informasjonskapslar på viljehelseklynge.no og samlar brukarstatistikk utan å bruke informasjonskapslar.
Dersom du har ein brukarkonto og loggar inn på denne sida, vert det oppretta ein mellombels informasjonskapsel for å sjekke om nettlesaren din godtek kapslar. Denne kapselen inneheld inga personleg informasjon og vert sletta når du lukkar nettlesaren.
Når du loggar inn, vert det oppretta kapslar for å lagre innloggingsinformasjon og visningsinnstillingar:
- Innloggingskapslar varer i to dagar, og visningsinnstillingskapslar i eitt år.
- Vel du «Hugs meg», vert innlogginga di bevart i to veker.
- Når du loggar ut, vert innloggingskapslane sletta
Dersom du redigerer eller publiserer ein artikkel, vert ein ekstra kapsel lagra i nettlesaren din. Denne inneheld inga personleg informasjon – den refererer berre til innleggs-ID-en for artikkelen du redigerte. Kapselen går ut etter éin dag
Media
Dersom du lastar opp bilete til nettsida, bør du unngå å laste opp bilete som inneheld innebygde posisjonsdata (EXIF GPS). Besøkande på nettsida kan laste ned og hente ut posisjonsdata frå slike bilete dersom dei ikkje er fjerna.
Skjema
Når du kontaktar oss gjennom eit skjema på nettsida, vert informasjonen du skriv inn:
- Lagra trygt bak innlogga tilgang på nettsida vår.
- Tilgjengeleg for administratorar og databehandlaren vår.
- Sendt til oss via ukryptert e-post – difor bør du ikkje sende sensitiv informasjon gjennom skjema.
Vi lagrar informasjonen så lenge det er naudsynt for å levere tenestene du ber om.
Nyheitsbrev
Du kan abonnere på vårt nyheitsbrev ved å fylle inn di e-postadresse i skjemaet på nettstaden vår. Vi brukar e-postadressa di til å sende ut nyheitsbrev og invitasjonar til arrangement, og du kan melde deg av når du måtte ønske dette.
Vi brukar Mailchimp som ei teneste for dette og e-postadressane blir lagra der.
Kven vi deler opplysningane dine med
Vi brukar berre nødvendige informasjonskapslar for innlogging. Sjå forklaring over.
Når du sender inn eit skjema, vert opplysningane du legg inn – saman med tidspunkt – sendt til oss på e-post og lagra trygt bak kryptert innlogging i skjemaverktøyet vårt.
Databehandlaren vår lagrar informasjonen på ein trygg server og har teieplikt
For registrerte brukarar av nettstaden lagrar vi data så lenge brukaren ønskjer å oppretthalde tilgangen sin.
Brukarar kan sjølve sjå, redigere eller slette personopplysningane sine når som helst – med unntak av brukarnamnet, som ikkje kan endrast.
Administratorar på nettsida kan òg sjå og redigere brukaropplysningar.
Dersom du har sendt inn informasjon gjennom eit skjema eller har eit kundeforhald til oss, lagrar vi opplysningane dine så lenge det er naudsynt for å tilby deg tenester.
Vi kan også behalde informasjon etter at tenesteforhaldet er avslutta, for å ha historikk og kunne yte betre hjelp ved framtidige kontakt.
Rettane dine knytt til personopplysningar
Dersom du har ein brukarkonto eller har sendt inn informasjon via nettsida vår, kan du:
- Be om ein eksportfil med alle personopplysningar vi har om deg, inkludert all informasjon du har gitt oss.
- Be om at vi slettar alle personopplysningar vi har om deg.
For å be om innsyn i eller sletting av personopplysningar, ta kontakt med oss.
Vi kan likevel vere forplikta til å behalde visse opplysningar av administrative, juridiske eller tryggleiksrelaterte grunnar.
Kontaktinformasjon
Dersom du har spørsmål om denne erklæringa eller korleis vi handterer personopplysningar, er du velkomen til å kontakte oss.
E-post: gro@viljehelseklynge.no





