På studietur med IT-Forum Vest

I starten på juni dro vi med IT-forum Vest på ein lærerik og sosial studietur til København. Turen var lagt til rette av Anne-Mette Hjelle i IT-forum Vest, i samarbeid med Kristine Kopperud Timberlid og kollegaer frå Innovasjon Norge i København og Digital Hub Denmark.
Målet med besøket var å hente inspirasjon og innsikt i korleis Danmark arbeider strategisk med digitalisering, utvikling av digitale talent, velferdsteknologi og smarte byar – med særleg vekt på samarbeid mellom offentleg og privat sektor.
Danmark har i fleire år vore rangert som verdsleiar på digitalisering. Eit offensivt nasjonalt arbeid og tydeleg digitalt leiarskap gjer at landet står samla med ei felles forteljing om kva digitalisering betyr. Dette vart tydeleg gjennom møta med:
- Norges ambassadør i Danmark
- Innovasjon Norge Danmark
- Digital Hub Denmark
- Nordic Health Lab
- Queue-it
- Frontdesk
- Cbrain
- IT-universitetet
For Vilje helseklynge var besøket hos Nordic Health Lab spesielt relevant. Her fekk vi innblikk i korleis danskane legg til rette for utvikling og testing av nye løysingar i helsevesenet. Gjennom å kople saman bedrifter, forsking og offentlege aktørar, skapar dei arenaer der nye produkt og tenester kan prøvast ut i praksis før dei blir tekne i bruk.
Etter to innhaldsrike dagar reiste vi heim att til Vestland – fulle av inntrykk og idear. I tillegg til mykje fagleg inspirasjon, var det éin fellesnemnar som gjorde inntrykk: danskane løftar i lag. Stoltheita over å vere dansk, evna til å fortelje ei samla historie og å framsnakke kvarandre. Det er noko vi òg kan ta med oss vidare i Vestland!






