Forskarsnakk LIVE på Larris

Initiativtakarane i stipendiatgruppa. frå venstre: Kristin Vassbotn Guldhav, Cecilie Øvrebotten, Hans Jacob Westbye og Janne Låver

Forskarsnakk LIVE - store spørsmål på ein liten plass

Helseforsking Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde, og forskingsmiljøet er i stadig vekst med tilskot av nye doktorgradsstipendiatar.

Gjennom podkasten «Forskarsnakk» får du innsikt i ulike tema forskarane i Førde fordjupar seg i, og for andre gang arrangerar dei eit årleg event i Førde: Forskarsnakk LIVE! Denne kvelden får du ein smakebit av nokre av dei store spørsmåla som opptek forskarane i miljøet til Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde i dag.

Forskarane du får møte og tema dei skal snakke om

  • Janne Låver – Kan vi føresjå om pasientar vert dårlegare?
  • Olivia Sissil Sunde – Familien må ta meir ansvar i eldreomsorga – eller?
  • Veronika Vikne – Kva treng kvinner med endometriose?
  • Julie Hammerseth Herstad – Psykisk helse og digital støtte: Kva treng unge vaksne i dag?
  • Hildegunn Styve Borkamo – Type-1-diabetes og livet
  • Raquel Motzfeldt Tirach – KI i rehabilitering
  • Marit Anita Sunnarvik – Frå utfordring til omsorg – kvalitet i eldrehelse
  • Sofaprat med Kirsten Indrebø og Irene Valaker – Kva skjer med resultat av forsking?

Konferansier: Arve Uglum, kommunikasjonssjef i Helse Førde

Under Forskingsdagane 2025 inviterer vi deg til ein sosial og lærerik kveld med TED-talks, sofaprat og musikalsk innslag av Line Dybedal!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Trykk på logoen for å kome til podkasten:

 

 

 

 

 

 

 

 

Arrangørar: Helseforsking Sogn og Fjordane og Vilje helseklynge

Arrangementet er støtta av Noregs Forskingsråd.