God stemning på Forskarsnakk LIVE

God stemning på Forskarsnakk LIVE
Tekst og foto: Margunn Masdal, Helse Førde
Eit entusiastisk publikum, som talde mellom seksti og sytti personar, skapte ei god ramme rundt årets Forskarsnakk LIVE. Publikum fekk eit velkomponert program med stor variasjon i tema, servert i høgt tempo. Det bidrog til god stemning frå starten av.
Pitchane vart presenterte med stor fagleg tyngde og energi, ispedd både humor og sjølvironi. Forskarane fortalde om prosjekta sine, kva som hadde motivert dei til å forske på temaet, og kva resultat dei hadde fått eller forventa å få.
Inntrykket er at det blir forska på eit breitt spekter av tema, sjølv på ein liten plass.
Teksten i jingelen til arrangementet var: «Forskarsnakk – store spørsmål på ein liten plass». Vi spurde nokre av deltakarane kvifor dei ville bruke kvelden på å høyre om forskingsprosjekt.

Charlotte, Arve, Cecilie og Janne Linn:
– Vi tykkjer dette er spennande og gøy, og det vi har høyrt i dag gir oss lyst til å høyre meir.

Einar og Torill:
– Vi høyrde om nokre av desse forskingsprosjekta på senioruniversitetet, og vart nysgjerrige. Vi fekk lyst til å høyre meir. I tillegg er det ein sjanse til å treffe tidlegare kollegaer ved HVL, seier Torill, som også likar godt å høyre på faglege tema. Vi er imponerte over alle som har lagt fram viktige og dagsaktuelle tema.

Marjolein, Børge, Magne, og Wilbroad:
– Dette interesserer oss, og vi har stor tru på kva forskarmiljøet i Førde kan få til. Vi har høge forventningar.

Sissel og Irene: – Her møter vi kollegaer frå Høgskulen på Vestlandet. Vi forskar litt sjølve også, så dette er ei felles interesse.

Charlotte, Janne Linn og Lars:
– Kjekt med litt gøy rundt forsking, og at det skjer i vårt eige nærmiljø. Vi opplever at det lokale forskarmiljøet er litt lukka og utilgjengeleg. Dette arrangementet gjer både forskarane og forskinga her lokalt svært synleg. Vi vil gjerne ha meir av dette!





