FoU-møte 1. desember: Forsking og innovasjon for helsesektoren!

Korleis kan ny kunnskap om KI, digitalisering, robotisering og andre teknologiar endre og utvikle arbeidsmåtar og avdekke behov for nye tenester og produkt i helsesektoren? Det er det store spørsmålet vi skal diskutere på FoU-møtet for mobilisering og auka regional verdiskaping i helsenæringa i Sogn og Fjordane!

Framtidas helse- og omsorgstenester er under press grunna venta redusert tilgang på personell og redusert økonomisk evne. Gapet mellom behov og forventningar vil bli krevjande framover. Behovet for omstilling er allereie svært synleg og krev at oppgåvene blir løyst på nye måtar, og då må vi jobbe på tvers av fag og sektorar. Vi må finne løysingane i lag!

Vi (sjå arrangørane nedst i artikkelen) inviterer næringsliv, forskingsmiljø, virkemiddelaktørar og tilsette i helsesektoren til eit dialogmøte der vi får kunnskap, innsikt, refleksjonar, og konkrete tips og råd frå fire bedrifter med erfaring frå samarbeid med forskingsmiljø. Og, ikkje minst har vi sett av god tid til ein kafédialog på slutten av dagen for å kartlegge og konkretisere behov og idéar som kan føre til konkrete FoU-samarbeid

Praktisk info:

  • Måndag 1. desember
  • Scandic Sunnfjord hotel & Spa
  • 0930-1430 (individuelle møte etterpå)
  • Gratis seminar og lunsj

Trykk her for påmelding 👈

NB! – Supert om du kan dele vidare i ditt nettverk!

 

PROGRAMMET (små justeringar kan kome)

0930-1000 – MINGLING OG KAFFIMAT

10:00 – 10:30 – Velkommen og målet med møtet – Gro Rukan og Ivar Petter Grøtte

  • Framtidas helsetenester – refleksjonar om utvikling og behov, John Roger Andersen, Høgskulen på Vestlandet
  • Berekraftige helse- og omsorgstenester: kommunenes samarbeidsarena for forsking, Trine Eide, KSF Sogn og Fjordane
  • Regulatorisk strategi – start tidleg for raskast mogleg tilgang i marknaden, Marit Hagland, Smart Care Lab

10:30 – 11:00 Næringslivet deler erfaring med bruk av forsking i utviklingsarbeid

  • Retrams frigjør de varme hendene ved å ta det beste fra industrien inn i helse! – Kristoffer Nordhuus Olaussen, Salg og markedssjef Retrams AS
  • Norse Feedback – datadreven innsikt for persontilpassa oppfølging, Joachim Vie, Dagleg leiar Norse Feedback AS

11:00-11:15 – PAUSE

11:15 – 11:45 Næringslivet deler erfaring med bruk av forsking i utviklingsarbeid

  • Forstå kompleksiteten, bruk virkemiddelapparatet og bygg nettverk, Magnar Høyvik, gründer og forretningsutviklar
  • Bano – Eit privat-offentleg samarbeid som gir stor verdi for både pasient og helse- og omsorgssektoren, Vetle Krohn-Olsen Ottersen, Director projects and products, Bano Concept AS

 

11:45 -12:15 Presentasjon av aktuelle finansieringsordningar for FoU samarbeid

  • Merete Lunde, Norges Forskningsråd
  • Øyvind Heimset Larsen, kompetansemeklar, Vestlandsforsking
  • Ivar Petter Grøtte, kompetansemeklar, Vestlandsforsking

 12:15 – 12:30 Oppsummering del 1 og intro til del 2 som fortsetter etter lunsj

12:30 – 13:15 LUNSJ

13:15-13:30   Prosjektutvikling

– Intro til prosjektutvikling og hovudkrav til søknadar

13:30-14:30   Prosjektverkstad

TEMA: Korleis kan ny kunnskap om KI, digitalisering, robotisering og andre teknologiar endre og utvikle arbeidsmåtar og avdekke behov for nye tenester og produkt i helsesektoren?

  • Felles diskusjon for å kartlegge og konkretisere behov og idéar som kan føre til konkrete FoU-samarbeid

14:20- 14:30  Oppsummering av plenumsmøte og vel heim

14:45-15:30   Eventuelle individuelle møte booka på førehand eller undervegs