Teknologi kan gje fleire ledige hender

– Held vi fram som i dag, må kvar fjerde person i yrkesaktiv alder jobbe i helse innan 2060 . Dette er ei utvikling vi ikkje vil klare å bemanne oss ut av. Vi må tenke nytt om teknologien som finst.

Det sa John Roger Andersen frå Høgskulen på Vestlandet då han opna Vilje Helseklynge sitt FoU-møte 1. desember.

Korleis kan vi nytte teknologi for å sikre berekraftige helse- og omsorgstenester i åra som kjem? Det var eit av hovudspørsmåla då forskarar, næringsliv, kommunar og helseføretak møttest til ei fagleg og inspirerande samling om forsking og innovasjon i helsesektoren.

Midt i ein kunnskapseksplosjon
– I helsesektoren tar det i snitt 17 år frå forsking blir implementert i praksis. Kan vi korte ned denne tida ved å hente erfaring frå andre sektorar, spør Andersen.
Vidare seier han at vi står midt i ein kunnskapseksplosjon, med nye metodar, teknologi og moglegheiter.
– Vi må prioritere klokt, og vi må designe AI-teknologisystem som faktisk frigjer ressursar, ikkje berre gjer at vi produserer meir, sa Andersen.

Kommunane står i krysspress

Trine Eide frå KSF (Kommunenes samarbeidsarena for forsking) understreka at kommunane står i eit krevjande krysspress, med fleire oppgåver, færre hender og stram økonomi.

– Løysinga ligg i samarbeid, innovasjon og forsking, og alltid med utgangspunkt i reelle behov. Teknologi skal styrke kvaliteten, vere til støtte og slik frigjere kapasitet, ikkje erstatte hender. Dersom kommunen skal vere med i prosjekt, må løysinga vere realistisk å implementere, sa ho.

Strenge krav til medisinsk teknisk utstyr
Marit Hagland frå Smart Care Lab i Norway Health Tech peika på kor viktig det er å ha kontroll på regulatoriske krav frå starten av.
– Det viktigaste er å vite kva tiltenkt formål det medisinske utstyret skal ha. Dette styrer all dokumentasjon som må samlast inn. Godt førearbeid sparar tid og pengar, og aukar sjansen for å komme tidleg ut i marknaden, sa ho.

Frå idé til marknad på kort tid
Retrams AS i Florø har utvikla ein skannar som identifiserer kirurgiske instrument utan merking, og dermed gir ein unik ID på kvart instrument. Historia til selskapet viser korleis samarbeid mellom forsking, utdanning og næringsliv kan gje raske og treffsikre løysingar. Kristoffer Nordhuus Olaussen, som er sal- og marknadssjef i Retrams, fortalde at studentar har vore ein nøkkelressurs.

– No guts, no glory. Vi har tatt inn studentar til internship, bachelor- og masteroppgåver og fått det beste som akademia kan tilby av både kunnskap og skarpe hovud.

Skanneren er utvikla i samarbeid med Helse Bergen, og i haust kom også løysinga til sjukehuset i Førde. For oss tok det fem år frå idé til ferdig produkt, og det kan vi vere stolte av dersom snittet er 17 år, sa Olaussen.

Innovasjon med lokale røter og global rekkevidde
Fleire bedrifter presenterte sine løysingar under samlinga. Norse Feedback snakka om korleis det digitale tilbakemeldingssystemet deira skreddarsyr spørsmål til kvar enkelt pasient.

– Vi ser at tilpassa oppfølging gir betre behandling og meir relevante data, sa dagleg leiar Joachim Vie.

I tillegg til at produktet er i bruk ved norske sjukehus og kommunar, sel dei også internasjonalt. Mellom anna til den amerikanske marknaden.

Magnar Høyvik fortalde historia om korleis frustrasjon over tidssluk i rehabiliteringssektoren førte til etableringa av Avans AS. Dei såg kor mykje tid som gjekk tapt på papirarbeid, og jobba målretta for å frigjere tid til pasientane. Journalsystemet dei utvikla fekk raskt eit solid fotfeste innanfor attføring og rehabiliteringsbransjen.

– Skal du utvikle til helsesektoren, så bruk tid på å forstå kompleksiteten, ta imot hjelp og bygg nettverk, var rådet frå Høyvik.

Vetle Krohn-Olsen Ottesen frå Bano synte korleis baderomskonseptet deira gir brukarane større sjølvstende og pleiarane ein tryggare arbeidssituasjon. Han understreka at godt design både bidro til å styrke meistring hos brukaren og redusere belastning hos tilsette.

Dei gode hjelparane
Kompetansemeklarane nemnte fleire ordningar ein kan søke på dersom ein sit med ein god idè. Dei oppmoda om å ta kontakt, så skal dei hjelpe med prosessen vidare.
– For mange kan det vere uoverkommeleg med desse søknadane, men vi vil påpeike at dei ikkje nødvendigvis treng å vere så store og omfattande, sa Ivar Petter Grøtte, kompetansemeklar i Forregion Vestland.

Merete Lunde frå Forskingsrådet påpeika at fleire nye program legg til rette for kommersialisering og samarbeid mellom næringsliv og offentleg sektor.

Samarbeid og deling er nøkkelen

– Vi må tørre å utfordre etablerte sanningar. Vi må tørre å utfordre kvarandre, og vi må jobbe saman og dele kunnskap og erfaringar. Derfor er det fint at vi har fått denne klynga her som kan skape slike arenaer, sa ein av deltakarane til slutt.

 

Takk til alle medarrangørane for viktige bidrag og til Vestland fylkeskommune for støtte gjennom Forregionprogrammet.