Vilje søker kommunikasjonstrainee!

Søk på traineestilling hos oss!

Vil du vere med og gi forsking og helseinnovasjon den merksemda det fortener?

Då må du sjekke ut denne traineestillinga!

🤩 Med uvurderleg støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kan Vilje helseklynge no styrke laget! Vi skal tilsette ein kommunikasjonstrainee!
Vedkommande blir viktig i det vidare arbeidet med utvikling av klynga. I tillegg til ein spennande stilling får traineen vere med i Framtidsfylket Vestland sitt traineeprogram 🙌 😎.

Tips gjerne nyutdanna i ditt nettverk 😉.

Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt klyngeleiar Gro Rukan / gro@viljehelseklynge.no /91321392