God tverrfagleg deltaking på Vilje helseklynge sitt første partnarmøte

Engasjementet var på topp og diskusjonane gode då helseklynga samla partnarar og andre interesserte til eit ope partnarmøte hos Bano AS på Sandane. I tillegg til eit spennande program fekk deltakarane omvisning i produksjonslokala til Bano.

Vilje helseklynge har på kort tid samla ei rekkje sterke partnarar frå heile regionen. På partnarmøtet vart dette fellesskapet tydeleg: når aktørar frå helse, næring, teknologi og offentleg sektor møtest, skapas det nye perspektiv og betre løysingar.

Bilde som viser en folkeklynge som ser på produkter

Vetle Ottersen, konserndirektør ved FoU hjå Bano, viser fram dei ulike produkta som Bano tilbyr. Foto: Vilje helseklynge

Deltakarane delte erfaringar, utfordringar og idear, og fekk nye impulsar til vidare arbeid. Nettopp dette er kjernen i klynga – å vere ein møteplass der ein kan lære av kvarandre, byggje relasjonar og utvikle nye løysingar saman.

Samtidig vart fleire viktige utfordringar løfta fram. Helsetenestene står under aukande press med færre ressursar, fleire eldre og eit aukande behov for samhandling. Utvikling av helseteknologi er komplekst, med mange aktørar, ulike behov og ofte uklare problemstillingar. Dette krev betre samspel, tydelegare prioriteringar og meir samskaping på tvers.

Her viser Ottersen fram eit vask-og-tørk-toalett. Foto: Vilje helseklynge

Her spelar helseklynga ei avgjerande rolle. Ved å kople aktørar, leggje til rette for samarbeid og bidra til innovasjon, kan klynga vere ein viktig del av løysinga på utfordringane sektoren står overfor.

Partnarmøtet viste også korleis konkrete initiativ og samarbeid – innan teknologi, forsking og tenesteutvikling – kan bidra til å løyse reelle problem i helsetenestene.

Vilje helseklynge er framleis i ein tidleg fase, men ambisjonane er klare: å vere ein drivkraft for innovasjon og utvikling i helseregionen. Med engasjerte og sterke partnarar ligg alt til rette for å lykkast.