Illustrasjon

Gje innspel og bidra til utvikling!

Dei store utfordringane i helsesektoren må løysast i fellesskap. I Sogn og Fjordane har vi lange tradisjonar for samarbeid – og det er nettopp dette vi skal bygge vidare på.

Vilje helseklynge har mange planar og store ambisjonar på vegner av regionen. Vi skal vere ein pådrivar, døropnar og støttespelar for utvikling, innovasjon og verdiskaping i helsesektoren. For å vere eit slikt verktøy og ein god medspelar for offentleg og privat sektor treng vi å vite kva som er viktig for deg og din organisasjon.

Vi ønsker å forstå betre:

  • kva behov og utfordringar de opplever
  • kva de ønsker at klynga skal bidra med
  • kvar det ligg moglegheiter for meir samarbeid og utvikling

Dine innspel er viktige! Vi har difor laga ei spørjeundersøking. Ved å svare på undersøkinga er du med på å forme retninga for Vilje helseklynge.

Innspel til utvikling av Vilje helseklynge

Føremålet med Vilje helseklynge er auka verdiskaping gjennom samarbeid om utvikling av nye kunnskapsbaserte tenester og produkt i helsesektoren.

Vi samlar aktørar frå:

  • helsesektoren
  • utdanning og forsking
  • næringsliv
  • interesseorganisasjonar

Med utgangspunkt i Sogn og Fjordane arbeider vi for å styrke samhandling og kompetansedeling. Vi ønsker å legge til rette for møteplassar og samarbeid, synleggjere forsking og innovasjon i regionen og auke attraktivitet og rekruttering.