
Meistringsteknologi: – Skal vi få dette til, må alle spele på lag
Då meistringteknologimessa opna dørene onsdag, fekk besøkande høve til å sjå, prøve og lære om teknologi som kan gjere kvardagen enklare. Tilbakemeldingane frå både arrangørar og utstillarar tyder på at messa trefte eit viktig behov.
Meistringsteknologimessa skapte engasjement og nye perspektiv
Mange tok turen til meistringteknologimessa i Førde onsdag 16. september for å lære meir om korleis teknologi kan bidra til meistring, sjølvstende og livskvalitet for dei med funksjonsvariasjonar. For både arrangørar og utstillarar vart dagen ein verdifull møteplass for kunnskapsdeling, inspirasjon og nye idear.
Messa samla fagpersonar, pårørande, innbyggjarar og leverandørar på same arena. Blant dei som deltok var den nyetablerte bedrifta Boka Til, som fekk ei svært positiv oppleving av dagen.
–Vi er nyetablerte og ønskte å vise fram Boka til, møte fagmiljø og få direkte tilbakemeldingar på produktet, fortel Roger Hollevik, leiar av Boka Til.

Standen til Boka Til var populær, og leiar Roger Hollevik var overraska over kor fort fagfolk forsto viktigheita av produktet deira. Foto: Ingeborg Sol Fure
Boka Til tilbyr eit enkelt, fysisk samhandlingshefte for barn og unge med samansette behov. Når barnet beveger seg mellom heim, skule, SFO, avlastning eller bustad, følger dagen med.
På standen presenterte dei løysinga si gjennom konkrete, anonymiserte døme som viste korleis meir kunnskap om kvardagen til barnet kan gjere det enklare å forstå behov, utfordringar og ressursar.
– Vi hadde ei veldig god messe. Vi møtte mange som raskt forstod produktet og poenget vi prøvde å formidle. Fleire fagpersonar var positivt overraska over kor enkelt verktøyet er, seier han.
Oppdaga teknologi dei ikkje visste fanst
For Siv Aspeseter, leiar i BUV-prosjektet (sjå faktaboks under) og ein av initiativtakarane bak messa, er nettopp kunnskapsdeling noko av det viktigaste ein slik møteplass kan bidra til.
– Det finst veldig mykje velferdsteknologi som vi ikkje veit om. Eg opplever at mange har fått nye innspel og oppdaga løysingar som kan vere heilt ideelle for fleire av brukarane våre, seier ho.
Etter messa har fleire allereie teke med seg idear og inspirasjon vidare.
– Det har gitt inspirasjon og motivasjon. Vi ser at det finst teknologi som kan gjere arbeidskvardagen enklare, men også bidra til meir tryggleik og betre tenester for brukarane, seier Aspeseter.
Ho trekker fram mellom anna sanserom, aktivitetsteknologi og ulike hjelpemiddel som gjorde inntrykk på deltakarane.
Viktig å møtast
Både arrangørar og utstillarar peikar på verdien av å kunne møtast fysisk.
– Det er verdifullt å møte folk ansikt til ansikt og få diskutert produktet med dei som kjenner utfordringane frå praksis, seier Hollevik.
Aspeseter meiner samarbeid på tvers er avgjerande dersom ein skal lykkast med å ta i bruk ny teknologi.
– Skal vi få dette til, må alle spele på lag. Vi treng kommunane, brukarane, pårørande og dei som utviklar teknologien. Alle sit på viktig kompetanse som vi er avhengige av, seier ho.

Løvemammaene var til stades. Foto: Ingeborg Sol Fure
Teknologi som styrker meistring
For Roger og Boka Til handlar teknologien om å gjere kvardagen betre for både born og dei vaksne rundt.
– Når dei vaksne rundt barnet veit meir om dagen, blir det lettare å forstå barnet og møte det på ein god måte. Løysinga vår gjev òg betre og meir aktuell læring for dei vaksne rundt barnet, forklarer han.
Aspeseter meiner velferdsteknologi vil få ei stadig viktigare rolle i framtida.
– Velferdsteknologi kan bidra til at fleire får eit meir sjølvstendig liv og ei betre meistringskjensle i kvardagen. Men då må vi vite kva som finst og få høve til å sjå og prøve løysingane, seier ho.
Kan dette bli ein årleg møteplass?
Responsen etter arrangementet har vore så positiv at fleire allereie har byrja å stille spørsmålet om meistringsteknologimessa bør bli ein årleg tradisjon.
– Vi fekk fleire spørsmål om dette kunne bli eit årleg arrangement, både frå deltakarar og utstillarar, fortel Aspeseter.
Også Boka Til håpar på ei ny messe.
– Ja, vi deltek gjerne igjen. Vi kunne ønskje oss fleire sluttbrukarar, men for oss var møtet med fagpersonar og pårørande svært verdifullt, seier dei.
Med engasjerte deltakarar, spennande løysingar og stor interesse frå både fagmiljø og næringsliv, vart den første meistringsteknologimessa ein arena som mange håpar vil kome tilbake.





