
Ei stavkyrkje av kunnskap
Ei stavkyrkje blir ikkje reist på ein dag. Ho blir bygd lag for lag, av kunnskap, samarbeid og menneske som trur på prosjektet. Slik er det også med forskingsmiljø.
Det var bodskapen til forskingsleiar Marit Solheim då Forskarsnakk samla publikum til eit LIVE-show 17. september.
I Luster står ei stavkyrkje som har stått i fleire hundre år. For å bygge henne trong ein kunnskap, materiale og impulsar frå menneske langt utanfor bygda sine grenser. Det same gjeld forsking i dag, seier forskingsleiar ved Helseforsking Sogn og Fjordane Marit Solheim. Ho avslutta Forskarsnakk 17. september med eit refleksjonsinnlegg.
Gjennom ein kveld fylt med forskingsformidling, faglege perspektiv og samtalar om samfunnsutvikling vart eitt bodskap ståande att: Sterke forskingsmiljø er noko som tek tid å bygge. Det krev tolmod, tillit, samarbeid, kunnskap, og ikkje minst menneske med eit felles ønske om forståing.

Foto: AdobeStock
– I Luster har vi ei stavkyrkje. For å bygge den, og for å få fargar til interiøret der, så var det samarbeid gjennom heile Europa og samarbeid gjennom heile verda, seier Solheim frå scena.
Då Solheim tok publikum med til stavkyrkja i Luster, var det ikkje først og fremst for å snakke om historie. Poenget hennar var korleis store prosjekt alltid har vore avhengige av samarbeid.
Fargane i kyrkja, byggeteknikkane og handverket kom ikkje frå éin stad åleine, men gjennom nettverk og kunnskapsutveksling på tvers av landegrenser. Slik har samfunn utvikla seg gjennom hundrevis av år, og slik utviklar forskinga seg i dag.

Forskingsleiar Marit Solheim reflekterte frå scena. Foto: Ingeborg Sol Fure
Dette perspektivet vart tydeleg gjennom heile Forskarsnakk. Publikum fekk møte forskarar frå ulike fagfelt, som delte erfaringar og forskingsprosjekt knytt til både helse, omsorg og utvikling. Sjølv om temaa var ulike, handla fleire av innlegga om korleis ny kunnskap blir skapt gjennom samarbeid.
Der utdanning og kunnskap tidlegare var forbehalde dei få, peika Solheim på at forsking i dag må vere tilgjengeleg for fleire. Moglegheita til å ta høgare utdanning og doktorgrad utanfor dei største byane gjev både enkeltmenneske og lokalsamfunn nye moglegheiter.
Kvifor betyr forskingsmiljø noko?
Kor viktig forsking er for lokalsamfunnet vart også diskutert i sofapraten mellom forskingsjef og professor Christian Moltu, ordførar Jenny Følling og overlege og forskar Nienke De Glas.
Ei av dei som kan skrive under på betydninga av eit sterkt forskingsmiljø, er den nederlandske kreftforskaren Nienke De Glas. Med lege og forskarkarriere i frå Nederland kom ho til Sunnfjord for ein legejobb med plan om å bli i eitt år. Men møtet med forskingsmiljøet og dei faglege moglegheitene det gav, fekk henne til å bli verande.
– Forskingsmiljøet her er mykje, mykje sterkare enn eg hadde trudd. Det er ein av dei store grunnane til at eg blei her, sa De Glas.

Under sofapraten blei det diskutert kva for betydning det har for lokalsamfunnet at vi har eit forskingsmiljø i Sunnfjord. Frå venstre: Gro Rukan (samtaleleiar), ordførar Jenny Følling og forskar Nienke De Glas. Foto: Ingeborg Sol Fure
Ordførar Jenny Følling meiner sterke forskingsmiljø er viktige for utviklinga av heile samfunnet. Forsking bidreg ikkje berre til betre tenester og nye løysingar, men gjer Sunnfjord til ein meir attraktiv stad å bu og arbeide.
Følling peika på at helse, høgare utdanning og forsking har blitt ein stadig viktigare del av identiteten til regionen, og at sterke fagmiljø trekker til seg menneske frå både Noreg og utlandet.
Tanken om forskingsmiljøet som noko som blir bygd over tid, gjekk også att i sofapraten. Moltu peika på at utviklinga ikkje kjem av seg sjølv.
– Vi må bygge stein på stein frå grunnen av, sa han og viste til korleis forskingsmiljøet har vakse fram gjennom dei siste 15 åra.

Frå venstre: Gro Rukan, forskingssjef Christian Moltu og Jenny Følling. Foto: Ingeborg Sol Fure
På mange måtar speglar dette den same tanken som Solheim løfta fram i refleksjonsinnlegget sitt. Verken Roma, ei stavkyrkje eller eit forskingsmiljø blir til over natta. Det krev tid, samarbeid og menneske som bidreg med si kunnskap.
Dei som byggar vidare
Solheim retta særleg merksemd til dei yngre forskarane og stipendiatane.
– Det gjev meg ei dagleg glede å treffe dykk, sa ho, og understreka betydninga av at forskarkompetansen blir teken i bruk vidare, anten i regionen eller andre stader.
For henne representerer dei ikkje berre framtida for forskinga, men også framtida for lokalsamfunna. Det er dei som utfordrar etablerte tankar, stiller nye spørsmål og ser løysingar som tidlegare generasjonar ikkje har oppdaga.
Gjennom kvelden vart det tydeleg korleis forskingsmiljøet i Sunnfjord har nådd ein viktig milepåle. Frå å vere enkeltpersonar som forska kvar for seg, har ein no utvikla eit fagmiljø som trekkjer til seg både forskarar, studentar og eksterne samarbeidspartnarar. Ifølge Moltu er dette avgjerande for vidare vekst og utvikling.
Tillit som berebjelke
Hovudtemaet for dei nasjonale forskingsdagane i 2026 var tillit. Temaet gjekk dermed att gjennom kvelden. I sitt innlegg snakka Kaya Kvarme Jacobsen om korleis tillit til forsking blir skapt, og kor viktig audmjukheit er i møte med ny kunnskap. Marit Solheim bygde vidare på den tanken. Ho peika på at tillit ikkje berre handlar om tru på forskinga, men også om tru på menneska som skal bruke kunnskapen.

Kaya Kvarme Jacobsen prata om tillit til forsking – kvifor det er viktig og korleis ein styrkar det. Foto: Ingeborg Sol Fure
Slik blir tillit ei berebjelke i den stavkyrkja Solheim skildra. Tillit til kvarandre. Tillit til kunnskapen. Og tillit til at framtida kan bli betre.
– Det førar til tillit om at vi kan få eit godt samfunn, og det fører òg til ein anna ting; sjølvtillit.
Solheim løfta fram to verdiar ho meiner er avgjerande å ta med seg vidare: audmjuke og sjølvtillit. Audmjuke for kor mykje vi framleis har å lære, og sjølvtillit nok til å tru på eigne evner og på framtida.
Med det sette ho ord på noko som gjekk att gjennom heile arrangementet: Trua på at forsking, samarbeid og kunnskap er viktige byggesteinar når vi skal utvikle framtidas samfunn – når vi byggar den stavkyrkja som forsking er.
Arrangementet blei støtta av Forskingsrådet.











