
Digital heimeoppfølging gav Per ein enklare kvardag
Per Fossheim (76) har fått ein betre og tryggare kvardag takka vere digital heimeoppfølging (DHO). Gjennom regelmessig oppfølging og digitale løysingar har han fått betre oversikt over eiga helse og meir støtte i kvardagen. No håpar han at fleire får vite om tilbodet og kva moglegheiter det kan gi.
Per Fossheim slit med KOLS (kronisk obstruktiv lungesjukdom). Det fører til pusteproblem, og ei vanleg forkjøling utviklar seg ofte til lungebetennelse.
Før Per fikk tilbod om digital heimeoppfølging bestilte han time hjå fastlegen. Før han rakk å møte fastlegen, gjerne ei veke frem i tid, var han allereie innlagt på sjukehus.
-Eg er mykje tryggare i kvardagen, og kvardagane er mykje betre enn dei var før. No har eg kontroll, seier Per Fossheim til Helse Førde.
Digital heimeoppfølging er eit samarbeid mellom åtte kommunar i regionen og Helse Førde. Pasientar får oppfølging frå helsepersonell medan dei er heime ved hjelp av enkle digitale løysingar. Pasientar kan sjølv registrere opplysningar, som blodtrykk og pustevanskar, og dele dette med behandlarane.
Historia til Per viser korleis teknologi og helsepersonell saman kan bidra til auka livskvalitet og meir sjølvstende for den enkelte. Målet med digital heimeoppfølging er å gi pasientane tryggare og meir samanhengande oppfølging, samt styrkje deira eiga mestring. Digital heimeoppfølging vil òg føre til at fleire kan få behandling og oppfølging i eigen heim.
– For meg har det forandra alt. Eg meiner fleire burde kjent til det, seier Per.
Les heile saka på Helse Førde.
16. september skal DHO ha eit seminar om digitale heimetenester i Førdehuset. Ler meir her.




