Digitalt tilsyn med Somnofy

Digitalt tilsyn kan gje store innsparingar for kommunane som tek dette i bruk. Dette kjem fram i ei kartlegging gjort i samarbeid med Folkehelseinstituttet.
Stad, Stryn og Luster har, saman med Folkehelseinstituttet (FHI), gjennomført ei Mini Metodevurdering* (MMV) av digitalt tilsyn og monitorering av søvn. Kommunane satsar på digitalt tilsyn ved hjelp av Somnofy og har samla anskaffa 160 einingar. Stad og Luster innførte løysinga i november 2024, og Stryn planlegg oppstart hausten 2025.
Tysdag 30. september inviterar dei til fagdag med digitalt tilsyn og søvnmonitorering som tema.

Du kan lese meir om kva Somnofy er, kva erfaringar kommunane har gjort, og kva vinst både pasientane, dei tilsette og kommunen kan hente ut ved å ta i bruk denne type teknologi på Stad kommune sine heimesider
*Minimetodevurdering er eit verktøy kommunane kan nytte når ein planlegg for nye tiltak, prioritere mellom tiltak, ynskjer å endre organiseringa av tenestene eller har eit behov for forskingsbasert kunnskap.





