Forskarsnakk LIVE på Larris

Forskarsnakk LIVE - store spørsmål på ein liten plass
Helseforsking Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde, og forskingsmiljøet er i stadig vekst med tilskot av nye doktorgradsstipendiatar.
Gjennom podkasten «Forskarsnakk» får du innsikt i ulike tema forskarane i Førde fordjupar seg i, og for andre gang arrangerar dei eit årleg event i Førde: Forskarsnakk LIVE! Denne kvelden får du ein smakebit av nokre av dei store spørsmåla som opptek forskarane i miljøet til Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde i dag.
Forskarane du får møte og tema dei skal snakke om
- Janne Låver – Kan vi føresjå om pasientar vert dårlegare?
- Olivia Sissil Sunde – Familien må ta meir ansvar i eldreomsorga – eller?
- Veronika Vikne – Kva treng kvinner med endometriose?
- Julie Hammerseth Herstad – Psykisk helse og digital støtte: Kva treng unge vaksne i dag?
- Hildegunn Styve Borkamo – Type-1-diabetes og livet
- Raquel Motzfeldt Tirach – KI i rehabilitering
- Marit Anita Sunnarvik – Frå utfordring til omsorg – kvalitet i eldrehelse
- Sofaprat med Kirsten Indrebø og Irene Valaker – Kva skjer med resultat av forsking?
Konferansier: Arve Uglum, kommunikasjonssjef i Helse Førde

Under Forskingsdagane 2025 inviterer vi deg til ein sosial og lærerik kveld med TED-talks, sofaprat og musikalsk innslag av Line Dybedal!
Trykk på logoen for å kome til podkasten:
Arrangørar: Helseforsking Sogn og Fjordane og Vilje helseklynge
Arrangementet er støtta av Noregs Forskingsråd.






