Gratis seminar om VR i helsesektoren

Kom og bli med på ein halv dag med fokus på VR teknologi. Arrangementet er gratis og ope for alle!

Onsdag 25. mars inviterer vi deg til HVL sitt Campus i Førde.
Vi byr på eit variert program med både innlegg og stands. Du får høyre andre si erfaring med bruk av denne type teknologi og du kan sjølv teste ulike VR-løysingar til bruk innan utdanning, simuleringstrening, pasientoppfølging med meir.
Programmet 

 

God tid til mingling og standbesøk  

Skal ein få god innsikt kva moglegheiter slik teknologi byr på, så må ein få teste litt sjølve. Difor har vi sett av god tid i programmet til mingling med standane. Då kan du som deltakar få tid til å møte bedrifter som har gode løysingar og snakke folk som har erfaring med bruk av VR i sin kvardag. Vi har også lagt inn bolkar med besøk på HVL sine flotte fasilitetar i Førde; SimArena, HVL Robotics og Læringslaben.

Gled deg til å sjå og teste mange ulike løysingar!

Desse kan du møte på stand:

Målgruppe for arrangementet
Studentar, elevar, tilsette i sjukehus og kommune, akademia, næringsliv og alle som har interesse for VR teknologi til bruk i helsesektoren.
Hjelp oss gjerne å spreie denne informasjonen til ein ven eller ein kollega!
Arrangementet er gratis, men for å ha oversikt over kor mange vi skal bestille mat til, så er det fint om du trykker her for PÅMELDING.
Arrangørar