Gro Rukan vert leiar for helseklyngesatsinga

I Campus Vie-prosjektet, vart det kartlagt interessa for ei etablering av ei helseklynge. I tillegg til Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og Sunnfjord kommune som hovudpartnarar har 25 verksemder støtta opp om etableringa, og med finansiell støtte frå mellom anna Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Vestland fylkeskommune og Helsefelleskapet har Sunnfjord Utvikling tilsett Gro Rukan som klyngeleiar for satsinga.

Rukan kjem frå ei stilling som innovasjonsrådgjevar i Helse Førde, og har sidan 2018 jobba på innovasjonsfeltet i helsesektoren. Gro har bakgrunn frå næringslivet og har stort nettverk både i og utanfor Sogn og Fjordane. Ho er oppteken av nyskaping og har stort engasjement i å kople folk og fag, og skildrar stillinga som klyngeleiar som draumejobben.

Helseklynga har fått ein kickstart gjennom arbeidet som er lagt ned i forkant. No må vi skape relevant innhald for alle dei 29 partnarane slik at klyngesamarbeidet kan gje kraft til regionen. Klyngaktivitet skal bidra til erfaringsdeling, styrking av kompetansemiljø, auke innovasjonskrafta og gjere det attraktivt å ta utdanning og jobb i Sogn og Fjordane.

  • Helsesektoren står framfor store utfordringar og i framtida må mange av helsetenestene bli levert på nye måtar. Dette er eit alvor som på same tid opnar for nyskaping og verdiskaping, og dette bør vår region bør ta større del i. Eg gler meg til å vere med å legge til rette for meir samarbeid på tvers av næringsliv og offentleg sektor, seier ho.

Merkevareprosess

Klynga treng eit namn og ein grafisk profil, og måndag 26. mars inviterte vi styringsgruppa og partnarorganisasjonane til ein workshop om merkevare. Anne-Mette Hjelle frå firmaet Ymsir var leigd inn til å hjelpe oss med dette arbeidet. Vi fekk mange gode innspel som vi jobbar vidare med slik at Helseklynga i framtida kan kommunisere sitt arbeid og sine aktivitetar frå eigen nettstad.

Kontaktinfo:

e-post: Gro.rukan@helseklyngesfj.no

mobil: 91321392

LinkedIn: Gro Rukan | LinkedIn

Føremål med klynga

Føremålet med klynga er auka verdiskaping gjennom å jobbe saman om utvikling av nye kunnskapsbaserte tenester og produkt for å løyse utfordringar i helsesektoren. Dette gjer vi ved å styrke samhandlinga mellom utdanning, helsesektoren, næringslivet og interesseorganisasjonar med utgangspunkt i region Sogn og Fjordane.

Klynga skal legge til rette for samarbeid gjennom gode møteplassar med tilgang til kompetanse og testfasilitetar. Vidare skal klynga bidra til auka attraktivitet og rekruttering gjennom å vise omfanget og variasjonen av forskings- og innovasjonsprosjekt i regionen.