VR til bruk i helsesektoren

25. mars kl. 11:30 - 16:00

HVL Campus Førde

Deltakaravgift Gratis deltaking for alle

Standavgift
– gratis for partnarane til Vilje helseklynge
– for ikkje-partnarar: 750 kr (eks moms)

Velkomen til eit seminar om bruk av VR-teknologi i helsesektoren!
Det vert eit breitt program med både innlegg og stands. Denne dagen får du både høyre andre si erfaring med bruk av denne type teknologi og moglegheit til å teste ulike løysingar til bruk innan utdanning, simuleringstrening, pasientoppfølging med meir.
Programmet vert oppdatert fortløpande.

Tema på seminaret

  • Om VR teknologi, Keith Mellingen, klyngeleiar, VRINN
  • Personvern, Sindre Bakken, Helse Vest IKT
  • Førebu seg på psykisk ustabile pasientar, Per-Erik Eide Hjelle, Helse Førde, ambulansetenesta
  • Læringsutbytte ved bruk av VR, Lars Kyte, HVL
  • VR i utdanning av helsepersonell, Marianne Hoff, VID vitenskaplige høgskole
  • VR i rehabilitering, Tarja Kvalheim, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
  • Frå leik til klinikk: VR som preoperativt verktøy? Ahmed Chaudhary, Helse Førde
  • VR i demensomsorga, Stig Ekeberg, Making View

Panelsamtale: VR og simuleringspedagogikk
– leia av Pål André Hegland, InterregSim, Helse Førde

Stands

Målgruppe
Studentar, elevar, tilsette i sjukehus og kommune, akademia, næringsliv og alle som har interesse for VR teknologi til bruk i helsesektoren.
Deltakinga er gratis og open for alle!
Hjelp oss gjerne ved å spreie denne informasjonen til ein ven eller ein kollega!
Arrangørar
Vilje helseklynge, Helse Vest IKT, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, HVL Skape, Fagskulen Vestland, og IT-Forum Vest