Workshop: Kva om di erfaring kunne forbetre rehabiliteringa for andre?

28. september kl. 09:00 - 29. september kl. 15:00

Førde

Workshopen er gratis.

Det finst ingen som kjenner tenestene betre enn dei som brukar eller jobbar i dem. Difor ønsker stipendiatane Jeanette Svarstad og Raquel Motzfeldt Tirach å samle pasientar, pårørande, helsepersonell og andre viktige funksjonar tilknytt hjerneslagrehabilitering.

Det blir ein kreativ workshop kor vi saman utforskar heile rehabiliteringsforlaupet etter hjerneslag. Dine erfaringar er viktig for å forstå kva som fungerer i dag, kva for utfordringar som finst og kva for løysingar som kan gjere ein forskjell i fremtida.

Gjennom enkle og engasjerande aktivitetar vil vi saman kartlegge erfaringar, dele perspektiv og utvikle nye idear. Det vil vere eit viktig bidrag inn mot å forstå systemkompleksiteten i heile hjerneslagforlaupet, og ikkje isolere det til ulike fasar eller tenester. I tillegg skal vi utforske og demonstrere sensorteknologi til bruk i klinisk praksis for objektive målingar av bevegelse hos pasientane. Å jobbe praktisk med moglegheiter for fremtidas helsetenester kan bidra til å identifisere moglegheiter for meir persontilpasset og datadrevet rehabilitering, og innovasjon.

Dette arbeidet er en del av forskningsprosjektene:

  • MiRAH: Understanding and Mapping Stroke Rehabilitation Pathways: A Systems Perspective on Interactions Across Healthcare Levels
  • ACURe: Automatic Classification and Monitoring of Upper-limb Rehabilitation after Stroke

Vi ønsker deg som har erfaring frå ein eller fleire fasar i rehabiliteringsforlaupet etter hjerneslag:
– Akutt sengepost på sjukehus / slageining
– Rehabilitering på sjukehus
– Kommunal rehabilitering
– Rehabilitering ved spesialisert rehabiliteringssenter
– Andre delar av hjerneslagforlaupet som poliklinikk på sjukehus, tildelingsteam i kommuner, regional vurderingseining og andre viktige funksjonar.

I tillegg ønsker vi pasientar som har erfart hjerneslag (over 18 år) og pårørande til personar som har hatt hjerneslag. Det er ikkje nødvendig at pasienten og den pårørande har ein relasjon til kvarandre.

Workshopen er gratis, og det vert servert kaffe, kaffemat og lunsj begge dagane. Det vert òg middag første dag, 28. september.

Har du spørsmål om prosjektet eller ønsker å melde deg på workshop, send ein e-post til jeanette.svarstad@hvl.no.