Kva skal vi vere og kva skal vi gjere?

Det har vore god oppslutnad om etablering av ei helserelatert kunnskaps- og næringsklynge i Sogn og Fjordane, og no var tida moden for å gje babyen vår eit namn og ein grafisk profil.

For å hjelpe oss med merkevareprosessen hyra vi inn Anne-Mette Hjelle frå firmaet Ymsir. Ho har langt fartstid i kommunikasjonsbransjen, og vore med på mange merkevareprosessar. For å få innspel frå mange interessentar, så sendte vi først ut eit spørjeskjema for å få innsikt og kartlegge kva eigenskapar ein ønskte at klynga skulle representere. Vi tok utgangspunkt i dei 12 arketypane til Jung som ofte vert nytta i merkevareprosessar. Alle kunne velje 3 dei meinte representerte det klynga skal representere.

Måndag 26. mai var interessentane invitert til ein merkevareworkshop der vi oppsummerte funna. Av arketypane var det Skaparen som fekk overvekta av stemmene, etterfulgt av Vismannen, Rebellen og Den gode nabo.

Klyngeetableringa bygger på eit grundig forarbeid i arbeidspakke 4 i Campus Vie-prosjeket (legge inn lenke)  Det var mange involverte i dette arbeidet, og det vart mellom anna gjennomført ein namneprosess. Resultatet vart Vilje helseklynge – Vilje etter den norrøne guden som skapte verda i lag med brør sine. Dette namnet vart løfta fram igjen i merkevareworkshopen, og fleirtalet støtta opp om forslaget. At vilje er både verb og substantiv, kan koplast i lag med andre ord og på same tid kan fungere på begge målføre talar for at det passar godt til vår satsing.

Med dette som resultat vart Ivar Høyvik frå firmaet Rastrum kontakta for å gjere det grafiske arbeidet med logo og nettstad.

  • Vi er svært nøgd både med prosessen og resultatet av merkevareprosessen. No gler vi oss til å komme i gang med å bruke vår nye profil i ulike kommunikasjonskanalar, seier klyngeleiar Gro Rukan