Ny rapport: Gevinstanalyse av helseteknologi

Nyleg publiserte Menon Economics ein rapport som kartlegg gevinstane av helseteknologi utvikla gjennom innovasjonspartnerskap eller innovasjonskontrakt.
Rapporten, som er laga på oppdrag for Innovasjon Norge, viser korleis slike teknologiar bidreg til effektivitetsgevinstar i helsesektoren, og identifiserer både fremjarar og barrierar for brei implementering.
Retrams frå Florø er eit av selskapa som er omtalt i rapporten. Dei har utvikla Retrams Mobile Re-use Scanner, som bruker AI-teknologi til å identifisere kirurgiske instrument basert på unikt «DNA» – heilt utan fysisk merking. Løysinga gir sjukehus full sporing og styring av utstyr, reduserer feil, styrkar pasientsikkerheita og fremjar effektivitet og gjenbruk. Dei er banebrytande i sitt utviklingsarbeid.
Les heile rapporten for å lære meir om kva leverandørar og kundar vurderer som hemmere og fremmere for implementering og skalering av helseteknologi i norsk helsesektor. Rapporten kan du laste ned på denne nettstaden.





