Ny seng forenklar kvardagen

Klyngepartnarar samarbeider om test av helseinnovasjon frå Sandane!
Vilje helseklynge si partnarbedrift Bano AS er mest kjende for utvikling av institusjonsbad og gode baderomsløysingar som til dømes det vendbare toalettet. No har Bano utvikla eit heilt nytt sengekonsept – ei vendbar seng. Denne senga kan rotere og få pasientar opp i tilnærma ståande stilling!
– Med denne vendbare senga har vi no utvikla eit like godt konsept på soverommet, som vi allereie har på baderommet, seier Vetle Ottersen som er forskings- og utviklingsdirektør i Banogruppen.
Partnarsamarbeid
Bano ønskte å teste senga i ulike miljø på sjukehus og på sjukeheimar. I lag med klyngepartnarane Vestlandsforsking, Gloppen kommune og Helse Førde vart det søkt om midlar til ein testperiode, og denne våren er den vendbare senga i testbruk hos Helse Førde og Gloppen kommune.
– Vestlandsforsking er glad for å kunne delta i det spennande prosjektet til kommunane og Bano, seier forskat Ivar Petter Grøtte.
Vestlandsforsking saman med IT-forum Vest har arbeidd med ulike sider ved helse- og velferdsteknologi i meir enn 10 år. Deira rolle i dette prosjektet er å gjennomføre ein evaluering av korleis brukarane i kommunen og i Helse Førde opplever funksjonar og nytten av dei nye sengene. Fungerer dei som tenkt, og opplever brukarane meir effektivitet og betre arbeidstilhøve?
Gjennom den praktiske uttestinga ønsker Bano å dokumentere effekt og få verdifulle erfaringar frå helsepersonell slik at dei kan gjere eventuelle endringar på den endelege versjonen.
– Vi set stor pris på Vilje helseklynge som har vore ein døropnar for dette testprosjektet og som fungerer som ein viktig brubyggar mellom det offentlege og dei private verksemdene i vår region, avsluttar Vetle Ottersen.
Vilje helseklynge applauderer samarbeidet!
Fleire artiklar om den vendbare senga
- Helse Førde testar den nye senga. Sjå artikkel på helseforsking.no
- Bano Concept om utviklingsarbeidet





