
Nytt studietilbod – Psykisk helse hos barn og unge
Fagskulen Vestland tilbyr no ei ny vidareutdanning i Psykisk helse for barn og unge. Målgruppa for studiet femner fagarbeidarar og andre som jobbar med barn og unge, både i helsetenester og i oppvekstsektoren.
Gjennom tre frittståande modular på fem studiepoeng kvar får studentane ei forståing av barn og unge si psykiske helse, og korleis dei kan møte barn og unge i sårbare situasjonar i sin arbeidskvardag.
Første modul, Å forstå: Barns utvikling, psykisk helse og tidleg innsats, er no lyst ut med søknadsfrist 17. august. Modulen er heildigital og lagt opp til stor grad av
asynkron undervisning der kvar enkelt student kan jobbe med fagstoffet når det passar i eigen timeplan.
Vidareutdanninga er eitt av 11 bransjeprogram som Fagskulen Vestland fekk støtte til i april 2026, og bygger på den akkrediterte utdanninga Barn og unge si psykiske helse på 60 studiepoeng.
Vidareutdanninga er utvikla i samarbeid med Bu- og avlastingstenesta i Sunnfjord kommune, barne- og ungdomsavdeligna ved Førde sentralsjukehus og oppvekstsektoren i Kinn kommune.





