Om oss
Vilje er ei kunnskaps- og næringsklynge med partnarar frå både offentleg og privat sektor.
Fellesnemnaren for alle er eit brennande engasjement for utvikling og verdiskaping i og for Sogn og Fjordane.
Kven står bak
Bak initiativet til Vilje helseklynge står Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Sunnfjord kommune og Sunnfjord Utvikling.
Ideen bygger vidare på eit initiativ frå IT-forum Vest i 2021 om å danne ei helseteknologiklynge i regionen. I 2023/2024 gjennomførte Sunnfjord kommune, Helse Førde, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet eit felles prosjekt for å styrke samarbeidet innan utdanning, forsking og innovasjon. Tilrådingane frå arbeidet var å etablere ein framtidsretta helsecampus og å danne ei helseklynge for Sogn og Fjordane. Campus Vie-rapporten kan du lese her.
Ein fellesarena er planlagt ferdig til 2028, og startskotet for helseklynga gjekk i februar 2025 under Helseinnovasjonskonferansen. Med ei sterk kombinasjon av helse og teknologi som utgangspunkt, er helseklynga ei framtidsretta satsing for å styrke kompetansemiljøa og bidra til verdiskaping i Sogn og Fjordane.

Klyngeleiar Gro Rukan
Gro er ei nysgjerrig og utadvendt dame med eit stort hjarte for Sogn og Fjordane. Ho brenn for at folk med gode idéar finn rett dør inn til andre dyktige folk som kan bidra på vegen til realisering.
Rukan kjenner næringslivet i Sogn og Fjordane godt etter fleire år som dagleg leiar for Framtidsfylket, eit selskap som løfter fram alle dei spennande karrieremoglegheitene som finnst i vår region. Sidan 2018 har Gro jobba som brubyggar, prosjektleiar og innovasjonsrådgjevar for Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet og Kunnskapsparken Vestland. Med base i Helseforsking Sogn og Fjordane sitt fellesskap har ho mellom anna vore primus motor for å etablere Helseinnovasjonskonferansen i Førde.
I mai 2025 starta ho jobben med å leie Vilje helseklynge.
Styringsgruppa
Tusen takk for viktig støtte!





















