
3. juni – Bli med på ope partnarmøte hos Bano AS
Bli med på ope partnarmøte 3. juni 2026 på Sandane.
Onsdag 3. juni inviterer vi til ope partnarmøte i Vilje Helseklynge på Sandane – ein sosial og tverrfagleg møteplass for alle som er opptekne av framtidas helse- og omsorgstenester.
Meld deg på i dag via påmeldingsskjema som du finn her – deltaking er gratis.
Gjennom inspirerande innlegg, faglege diskusjonar og gode samtalar ønskjer vi å samle partnarar, kommunar, næringsliv, forsking og andre interesserte til kunnskapsdeling og nye samarbeid. Her får du høyre erfaringar frå praksis, innsikt i ny teknologi og spennande tankar om korleis vi saman kan utvikle betre helsetenester.
I tillegg blir det omvisning hos Bano – og sjølvsagt tid til mat og prat rundt lunsjbordet. Vi håpar du tek turen for å bli inspirert, bli kjend med nye folk og dele dine eigne perspektiv på morgondagens behov i helsesektoren.
PROGRAM:
Krafta i samarbeid – difor treng vi ei helseklynge.
– Arve Varden, AD Helse Førde

Klynga er eitt år – kva har vi oppnådd?
– Gro Rukan, klyngeleiar

Orientering om fellesarena for kunnskap og nyskaping
– Hilde Elvebakk Hjelmeland

Frå innsida til utsida og tilbake igjen: erfaringar med helseteknologi i praksis.
– Jo Inge Gåsvær, phd-stipendiat og tilsett i ATEA

Omvisning hos Bano.
Korleis auke sjølvstende og redusere presset på helsetenestene?
– Vetle Ottersen, direktør prosjekt, produkt og FoU

Mat og prat! – Kva er morgondagens behov?
Samarbeidet mellom Osterøy kommune si satsing på teknologi i nytt omsorgsbygg og Kompetansesenteret for robotteknologi (KORT).
– Vidar Tufteland, dagleg leiar KORT

Foot-o-shoot: Tidleg oppdaging av sår hos folk med diabetes.
– Peder Smart Sefland, gründer og CEO BrAInXR

Pasienten i sentrum! Alarmsentralen si rolle i samhandling på tvers.
– Beate Kalland, leiar Alarmsentralen IKS

Innspelsrunde for Vilje Helseklynge:
- Korleis kan klynga vere relevant for dykk?
- Etablering av bedriftsnettverk innen AI Vision
- Korleis få fleire med i partnarskapen?






