Prosessrettleiing frå InnoMed – nye fristar

Tre gonger i året kan kommunar og helseføretak søkje om prosessrettleiing frå InnoMed. Prosessrettleiinga kan innebere rettleiing i planlegging, pilotering, gjennomføring, implementering og/eller gevinstrealisering av tenesteinnovasjon.

InnoMed tilbyr prosessrettleiing til innovasjonsprosjekt i kommunar og helseføretak, med eit spesielt fokus på prosjekt som fell inn under deira strategiske satsningsområde. Dei søkjer derfor helseprosjekt som fokuserer på auka pasienttryggleik, betre samhandling, økonomisk berekraft og auka kapasitet i tenesta, med stor overføringsverdi og relevans for andre kommunar og helseføretak.

Kva InnoMed tilbyr:

  • Skreddersydd, prosjektbasert innovasjonsrådgjeving
  • Gruppebasert prosessrettleiing
  • Digitale kompetansekurs

Søknadskriterium for prosessrettleiing:

  • Prosjektet må ha eit etablert samarbeid mellom kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta.
  • Prosjektet har betydeleg overføringsverdi til alle RHFane og kommunal sektor.
  • Prosjektet angår pasientgrupper i nasjonal helse- og samhandlingsplan.
  • Prosjektet er godt forankra i verksemda som søkjer og hos samarbeidende verksemder.
  • Prosjektet har sikra finansiering av eigne prosjektressursar.
  • Prosjektet har tatt stilling til kunnskapsgrunnlaget og eksisterande satsingar innanfor aktuelt felt.
  • Heilskapsvurdering av prosjektets mål, plan, risiko, organisering, forankring og implementeringspotensial.
  • For prosjekt som har motteke støtte frå InnoMed tidlegare, vil heilskapsvurdering av nasjonalt implementerings- og spredningspotensial vektleggast særskild.