Samarbeidsavtale skal styrke helseinnovasjon og verdiskaping

Vilje helseklynge og Norway Health Tech har inngått en formell samarbeidsavtale med mål om å styrke helseinnovasjon både regionalt og nasjonalt.

Avtalen markerer ein viktig milepæl for å vidareutvikle helsenæringa i regionen og styrke koplinga mellom forskingsmiljø og teknologi- og tenesteutvikling til nytte for helsesektoren. Målet er å legge til rette for meir innovasjon, betre samhandling og større verdiskaping – med eit regionalt utgangspunkt og nasjonale og internasjonale ambisjonar.

Norway Health Tech (NHT) er ein nasjonal helseklynge som arbeider for å gjere Norge til ein leiande arena for helseinnovasjon. Gjennom avtalen vil NHT bidra med kompetanse og nettverk knytt til testing og validering, internasjonalisering, kapitaltilgang og offentleg-privat samarbeid.

– Vi ser fram til å utvikle samarbeidet vidare og bidra med våre erfaringar frå andre regionar. Sterke regionale økosystem er avgjerande for å lukkast nasjonalt, seier Lena Nymo Helli, CEO i Norway Health Tech.

 

Sentrale satsingsområde

  • Styrka kunnskapsdeling og kompetanseheving, gjennom felles møteplassar, arrangement og nettverksaktivitetar
  • Utvikling og testing av nye helseløysingar, gjennom etablering av ein regional testarena og tilgang til nasjonale testmiljø
  • Auka innovasjonskapasitet og tilgang på ressursar, blant anna ved samarbeid om prosjektutvikling, finansiering og kapitaltilgang
  • Internasjonal orientering og marknadstilgang, ved å kople regionale aktørar til NHT sitt internasjonale nettverk og samarbeidspartnarar

 

Vilje helseklynge vil også arbeide for å trekke til seg eksterne aktørar og styrke Sogn og Fjordane som ein attraktiv arena for utvikling av framtidsretta helseløysingar.

– Vi ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar til ei meir innovativ helsenæring. Denne avtalen gir oss eit sterkare fundament for å utvikle nye tenester og produkt i tett samarbeid med næringsliv, brukarorganisasjonar, helsesektoren og forskings- og utdanningsmiljø, avsluttar Gro Rukan, klyngeleiar i Vilje helseklynge.