Helsefellesskap støtter opp om klyngesatsinga

Sogn og Fjordane helsefellesskap er eit samarbeidsorgan mellom Helse Førde og 17 kommunar. Strategisk samarbeidsutval i Sogn og Fjordane helsefellesskap vedtok 14.mai å støtte helseklynga med 300.000 kroner i 2025.

Dei venta utfordringane i helsesektoren er så store at dei må løysast i fellesskap. Dette handlar om ein varsla mangel på helsepersonell og eit behov for å levere tenestene på nye og berekraftige måtar. For å få til dette er samhandling på tvers av tenestenivå, fag og sektorar heilt avgjerande.

Rekruttering er utfordrande over heile landet, og i Sogn og Fjordane manglar vi 400 helseårsverk (sjå artikkel på Helse Førde sine nettsider). I Sogn og Fjordane er vi generelt for lite flinke til å synleggjere våre styrker og kva vi kan tilby. Både offentleg og privat sektor er langt framme på veldig mange område, og dette må vi bli flinkare til å kommunisere ut slik at fleire vel å ta si utdanning i vår region og at vi får den kvalifiserte arbeidskrafta vi treng i framtida. Helseklyngeetableringa skal bidra til å auke interessa for å velje karriere i Sogn og Fjordane.

Helseklynga i Sogn og Fjordane er ei kombinert kunnskaps- og næringsklynge, og skal jobbe for auka samarbeid innan forsking og innovasjon i vår region på tvers av privat og offentleg sektor.

Aktivitetane i helseklynga skal mellom anna bidra til:

  • Fleire samarbeidsprosjekt på tvers av tenesteledd og i lag med fleire sektorar
  • Sterkare synleggjering av omfanget og variasjonen av forskings- og innovasjonsprosjekt i regionen med mål om auka attraktivitet og rekruttering til Sogn og Fjordane
  • At denne støtta kjem frå helsesektoren sjølve er ekstra stas. Det er viktig for klyngesatsinga at Sogn og Fjordane helsefellesskapet heier på initiativet og ønskjer å bidra til at regionen lukkast med etablering av eit slikt strategisk viktig samarbeidsnettverk, foretel klyngeleiar Gro Rukan. No ser vi fram til å lage møteplassar og å skape litt meir blest om våre miljø, avsluttar ho.

Vil du vite meir om kva Helsefellesskapet er?

Sogn og Fjordane helsefellesskap sin strategi for perioden 2025-2028 finn du her: revidert-strategi-sogn-og-fjordane-helsefellesskap-vedteken-24.02.25.pdf

Sak om rekrutteringsutfordringane i regionen: Manglar 400 helseårsverk – Helse Førde HF