Søk om prosessrettleiing fra InnoMed

InnoMed tilbyr ei god moglegheit for kommunar og helseføretak som jobbar med innovasjon i helsetenestene. Siste søknadsfrist i år for å søkje om prosessrettleiing fra InnoMed er 27. august.

Nye prosjekt har fått støtte

InnoMed har nyleg avslutta si andre tildelingsrunde for året, der ni prosjekt fekk innvilga skreddarsydd innovasjonsrådgjeving. Prosjekta spennar breitt, frå digitaliseringsløysingar i tannhelsetenesta til nye samarbeidsmodellar innan psykisk helse og utvikling av heilskaplege pasientforløp.

Felles for prosjekta er:

  • samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetenesta
  • fokus på betre ressursutnytting
  • utvikling av meir samanhengande og pasientsentrerte tenester

Eit av prosjekta som har fått støtte er TAKT – Integrerte tenester for barn og unge i Nordfjord, Helse Førde. Dette er ein samhandlings- og implementeringsrigg for forebygging på systemnivå, og er utvikla i samarbeid mellom Nordfjord BUP og kommunane i Nordfjord, samt spesialisthelsetenesta. Fleire av partnarane våre er involvert i prosjektet, og prosjektet er ein del av dei utvalde pilotane i regjeringas Prosjekt X.

Du kan lese meir om prosjekta som har fått støtte her.

InnoMed deler òg erfaringar frå gjennomførte prosjekt. Her løftar dei fram læringspunkt om brukarinvolvering, implementering og tverrfagleg samarbeid. Du kan lese meir om dei ulike erfaringane her.

Siste frist for i år er 27.august

Tre gonger i året kan ein søkje om prosessrettleiing fra InnoMed – no står berre denne eine fristen att i 2026.

Tilbodet rettar seg mot etablerte samarbeidsprosjekt mellom kommune- og spesialisthelsetenesta, med:

  • høg innovasjonsgrad
  • tydelig gevinstpotensial
  • overføringsverdi til andre

Prosjekta får støtte gjennom heile innovasjonsløpet, frå planlegging og pilotering til implementering og gevinstrealisering.

Du kan lese meir og søkje om støtte her.