
Stiftinga Drivkraft lysar ut ein ny runde med stipend
Har bedrifta di ein utviklingsidé? Eller er du ein gründer under 30 år? - Då kan du no søke Drivkraft- og Spirestipend!
Drivkraftstipend
Drivkraftstipendet går til etablerte bedrifter som skal ta fatt på eit utviklingsprosjekt. Ramma er på 2 millionar kroner, og ein kan få inntil 500 000 kr i stipend.
Kven kan søke?
- Nystarta bedrifter med vekstpotensial
- Etablerte bedrifter med planar om nye satsingar eller knoppskyting
- Bedrifta må ha klar tilknyting til Sogn og Fjordane
- Prosjektet må ha eit nedslagsfelt utover den lokale marknaden
Det er ein jury som avgjer kven som får støtte, og kor mange stipend som blir delt ut.
Nytt denne runden er Drivkraft Boost. Alle som mottek Drivkraftstipend får inntil ti timar rådgjeving frå ein rådgjevar som Drivkraft koplar dei med. Juryen kan òg tilby dette til andre søkarar.
Søknadsfrist: 18. desember 2026.
Spirestipend
Spirestipendet går til gründarar under 30 år. Ramma er på 500 000 kroner, og det skal deles ut fem stipend.
Kven kan søke?
- Personar under 30 år med gründeridé
- Nystarta bedrifter (etablert siste tre år) leia av personar under 30 år
- Knytt til Sogn og Fjordane
Det er ein jury som avgjer kven som får stipend, og juryen kan òg tilby Drivkraft Boost til nokre mottakarar av Spirestipend.
Søknadsfrist: 18. desember 2026.





