
Vilje helseklynge har dobla talet tilsette!
Gjennom traineeordninga til Framtidsfylket Vestland lyste helseklynga ut ei traineestilling. No er Ayla Haraldsvik på plass i Førde og har starta jobben med å styrke synlegheita av aktivitetar og prosjekt som klynga er involvert i.
Ayla Haraldsvik er den nye lagspelaren hos Vilje helseklynge. Ho har ein bachelor- og mastergrad i media og kommunikasjon frå Universitetet i Bergen, og er straks ferdig med ein bachelorgrad i informasjonsvitskap. Medan ho har studert, har ho arbeidd i deltidsstilling hos Bioteknologirådet sitt sekretariat, samt i kommunikasjons- og IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen.
– Eg gler meg stort til å kome i gang med arbeidet for Vilje helseklynge. Det er spennande å få vere med på å utvikle ei nysatsing for denne regionen, og eg trur dette er ein flott måte å bli kjent med arbeidslivet på, seier ho.
Ayla er opphavleg frå Ørlandet i Trøndelag, og har budd i Bergen sidan 2018. Ho er ikkje ukjent med Førde og Sogn og Fjordane, for kjærasten hennar har vore trainee hos Norec dette året. No flytter Ayla etter og Sunnfjord er styrka med to tilflyttarar.

Ayla Haraldsvik er klar for eit år som trainee. Foto: privat
– Eg er så takksam for at helseklynga fekk støtte til å tilsette ein ekstra ressurs på marknad og kommunikasjon, seier Gro Rukan som er klyngeleiar i Vilje. Traineeprogrammet til Framtidsfylket Vestland er eit kjempeviktig verkemiddel for å rekruttere nyutdanna til regionen. At Ayla ønsker å oppleve den same “pakka” som kjærasten seier sitt. Då har ein lukkast i å lage eit godt program både for trainee og bedrifta som tek inn trainee.
– Når han har fått opplevd så mykje gøy, så vil eg det òg! ler Ayla.
Klyngeleiar Gro Rukan seier ho ser fram til å få ein medspelar i helseklyngesatsinga, og at det vil vere til stor hjelp med ein annan person å kaste ball med. Ho vil takke Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for støtta til tilsetjinga, og ikkje minst Framtidsfylket Vestland for at dei har eit så godt traineeprogram.





