VR tek plass i helsetenesta!

Over 150 deltakarar møtte opp då Vilje Helseklynge inviterte til VR-dag på campus i Førde 25. mars. Resultatet var ein dag som viste at virtuell røyndom ikkje lenger er framtidsmusikk. Det er eit verktøy som allereie sparar tid, stress og kanskje liv.
Helsesektoren står overfor store utfordringar: aukande etterspurnad, bemanningspress og trong for nye løysingar.
VR-dagen 25. mars på HVL sitt Campus i Førde samla studentar, helsepersonell, forskarar og næringsliv for å sjå korleis immersive teknologiar, opplevingar som let brukaren tre inn i ein ny røyndom, kan vere ein del av svaret.
Keith Mellingen, klyngeleiar i VRINN, opna dagen med eit engasjert oversyn over korleis XR-teknologi blir brukt i Noreg og Europa, og sette tonen for det som skulle kome.

Keith Mellingen presenterer VRINN og det nasjonale XR-biletet for ein engasjert sal.
Anestesiolog Ahmed Chaudhary frå Helse Førde delte erfaringar frå ein pilot der barn får bruke VR-briller for å dempe angst før narkose, eit tiltak som kan gjere sjukehusopphaldet langt mindre traumatisk for dei minste pasientane. Piloten frå våren 2024 involverte 10 pasientar og to Meta Quest 3-briller, i tett samarbeid med personvernavdelinga.

Ahmed Chaudhary fortel om korleis VR-briller kan dempe angst hos barn og ungdom før operasjon.
Per-Erik Eide Hjelle, opplæringsansvarleg for ambulansetenesta i Helse Førde, viste korleis VR-simulering gjer det mogleg å effektiv trene på krevjande situasjonar, t.d. aggresjonshendingar, utan at verken pasientar eller tilsette er i reell fare. Alt på ein fleksibel og trygg måte, som kan brukast på fagdagar og samlingar. Han delte konkrete erfaringar frå arbeidet med å velje rett konsept og byggje opp eit praktisk opplegg for ambulansepersonell. Oppskrifta er å briefe eller introdusere utstyr og scenario, simulere slik at alle deltakarar opplever same situasjon og til slutt debriefe for refleksjon og læring. Total tidsbruk er 50 minutt per økt.

Fullsett sal under innlegget til Per-Erik Eide Hjelle om korleis dei kursar med virtuell simulering av vanskelege situasjonar i ambulansetenesta.
Marianne Hoff, høgskolektor og fagansvarleg for simulering og ferdigheitstrening ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo, viste korleis VID bruker VR i mange ulike former i sjukepleiarutdanninga. Innlegget hennar illustrerte tydeleg at teknologien ikkje berre er på veg. Den er allereie i dagleg bruk i utdanningsinstitusjonar som tek pedagogisk ansvar på alvor.
Tarja Rajalahti Kvalheim frå Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter stilte det avgjerande spørsmålet: Er VR i rehabilitering underhaldning eller behandling? Svaret hennar var tydeleg. Med rett bruk er det begge deler og definitivt det siste. Dei deltek i eit forskingsprosjekt om bruk av VR i arbeidsretta rehabilitering der dei m.a. kartlegg brukarerfaringar. Ei tilbakemelding gjeld glede: » Musikken og rytmen ga glede, energi og utholdenhet». Andre pasientar melder om at VR-brillene gir dei eit fritt rom og lindring frå symptom. «Den største fordelen var at jeg – der og da – klarte å gjøre en vanskelig periode litt lettere. Jeg fikk en liten pause». Pasientane blir revet med, bryt barrierer og utfordrar seg sjølv, fortalte Kvalheim. Dette gir umiddelbar nytte for nokre pasientar, men det er ikkje nødvendigvis eigna for alle. Effekten må vurderast i klinisk praksis.

Tarja Rajalahti Kvalheim løftar den forskingsbaserte sida av VR i rehabilitering for ein stappfull sal.
Vi fekk ein «live» VR demonstrasjon av VR som pedagogisk verkty då dosent Lars Kyte, som underviser i anatomi og fysiologi ved Høgskulen på Vestlandet, tok VR-brillene på seg på scena slik at vi i salen kunne sjå skjellet og muskulatur på ein menneskekropp i 3D.

Lars Kyte viser korleis ein kan lære om menneskekroppen sin oppbygging gjennom VR.
Mellom foredrag var det rikeleg tid til å prøve løysingar sjølv. Stander frå mellom andre Making View, Helse Vest IKT og Fagskulen Vestland skapte liv og fagleg prat i heile lokalet. Læringslaben på Høgskulen på Vestlandet (HVL) var ein spennande arena for å teste.

Standbesøka gav rom for uformelle samtalar og konkrete demonstrasjonar mellom fagfolk frå ulike miljø.






