Kontakt oss gjerne! | Telefon 913 21 392 | gro@viljehelseklynge.no

Workshop: Kva om di erfaring kunne forbetre rehabiliteringa for andre?

By |august 17th, 2026|Categories: |

Det finst ingen som kjenner tenestene betre enn dei som brukar eller jobbar i dem. Difor ønsker stipendiatane Jeanette Svarstad og Raquel Motzfeldt Tirach å samle pasientar, pårørande, helsepersonell og andre viktige funksjonar tilknytt hjerneslagrehabilitering. Det blir ein kreativ workshop kor vi saman utforskar heile rehabiliteringsforlaupet etter hjerneslag. Dine erfaringar er viktig for å forstå kva som fungerer i dag, kva for utfordringar som finst og kva for løysingar som kan gjere ein forskjell i fremtida. Gjennom enkle og engasjerande aktivitetar vil vi saman kartlegge erfaringar, dele perspektiv og utvikle nye idear. Det vil vere eit viktig bidrag inn mot

Kommentarar avslått på Workshop: Kva om di erfaring kunne forbetre rehabiliteringa for andre?

Seminar om Digitale Heimetenester

By |juli 3rd, 2026|Categories: |

Velkommen til seminar der tilsette og leiarar i kommunal helse- og omsorgsteneste får fagleg påfyll, eksempel og kunnskap om korleis ein kan ta i bruk digitale heimetenester for å rigge seg for framtida! Seminaret er gratis og ope for alle. NB! Hugs påmelding, det er mat til alle påmeldte. Innlegg og erfaringsdelingar frå Helsedirektoratet Bjørnafjorden kommune Larvik kommune Dignio Seminaret arrangeres av prosjektet Digital heimeoppfølging (DHO) v/ Sunnfjord kommune.   Illustrasjonsfoto: Skjermdump frå Helsedirektoratet sin video om DHO. Du kan sjå videoen her.

Kommentarar avslått på Seminar om Digitale Heimetenester

Meistringsteknologimesse

By |juni 19th, 2026|Categories: |

BUV-prosjektet i Sogn og Fjordene, i samarbeid med Vilje helseklynge og Mtek for alle, ønsker velkommen til meistringsteknologimesse i Førdehuset 16.september 2026. Prosjektet jobbar med velferdsteknologi for barn, unge og vaksne med medfødd eller tidlig erverva funksjonsnedsetting i region Sogn og Fjordane. Prosjektleiar er Siv Aspeseter. Meistringsteknologi er teknologi som hjelper individ med å oppnå auka deltaking, sjølvstende og meistring. Meistringsteknologi er verkemiddel som kan gjere det enklare for dei med funksjonsavgrensingar i kvardagen. Kom i Førdehuset 16. september! Messa er gratis og ope for alle. Du treng ikkje melde deg på. Ta gjerne med ein kollega eller ein ven.

Kommentarar avslått på Meistringsteknologimesse
Go to Top