Helsefellesskap støtter opp om klyngesatsinga
Sogn og Fjordane helsefellesskap er eit samarbeidsorgan mellom Helse Førde og 17 kommunar. Strategisk samarbeidsutval i Sogn og Fjordane helsefellesskap vedtok 14.mai å støtte helseklynga med 300.000 kroner i 2025.
Kva skal vi vere og kva skal vi gjere?
Det har vore god oppslutnad om etablering av ei helserelatert kunnskaps- og næringsklynge i Sogn og Fjordane, og no var tida moden for å gje babyen vår eit namn og ein grafisk profil.
Gro Rukan vert leiar for helseklyngesatsinga
I Campus Vie-prosjektet, vart det kartlagt interessa for ei etablering av ei helseklynge. I tillegg til Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og Sunnfjord kommune som hovudpartnarar har 25 verksemder støtta opp om etableringa, og med finansiell støtte frå mellom anna Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Vestland fylkeskommune og Helsefelleskapet har Sunnfjord Utvikling tilsett Gro Rukan som klyngeleiar for satsinga.
Gratis lynkurs i innovative anskaffingar
Onsdag 26. mars inviterte vi til eit gratis lynkurs i innovative anskaffelser. LUP - Leverandørutviklingsprogrammet stod for det faglege innhaldet, og Sunnfjord kommune, Helse Førde og den nyopstarta klynga var med som medarrangørar.
No realiserer vi ei helseklynge i Sogn og Fjordane
25 interessentar står klare til å vere med på realisere ei helseklynge saman med Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Sunnfjord kommune og Helse Førde.










