Vil revolusjonere korleis vi driv rehabilitering
Kva om det gjekk an å skape eit digitalt verktøy som kunne måle framgangen til pasientar i fysioterapi? Dette er ambisjonen bak forskingsprosjektet SARHA i Førde.
Digital heimeoppfølging gav Per ein enklare kvardag
Per Fossheim (76) har fått ein betre og tryggare kvardag takka vere digital heimeoppfølging (DHO). Gjennom regelmessig oppfølging og digitale løysingar har han fått betre oversikt over eiga helse og meir støtte i kvardagen. No håpar han at fleire får vite om tilbodet og kva moglegheiter det kan gi.
Nytt studietilbod – Psykisk helse hos barn og unge
Fagskulen Vestland tilbyr no ei ny vidareutdanning i Psykisk helse for barn og unge. Målgruppa for studiet femner fagarbeidarar og andre som jobbar med barn og unge, både i helsetenester og i oppvekstsektoren.
Gje innspel og bidra til utvikling!
Dei store utfordringane i helsesektoren må løysast i fellesskap. I Sogn og Fjordane har vi lange tradisjonar for samarbeid – og det er nettopp dette vi skal bygge vidare på.
Vilje helseklynge har dobla talet tilsette!
Gjennom traineeordninga til Framtidsfylket Vestland lyste helseklynga ut ei traineestilling. No er Ayla Haraldsvik på plass i Førde og har starta jobben med å styrke synlegheita av aktivitetar og prosjekt som klynga er involvert i.
God tverrfagleg deltaking på Vilje helseklynge sitt første partnarmøte
Engasjementet var på topp og diskusjonane gode då helseklynga samla partnarar og andre interesserte til eit ope partnarmøte hos Bano AS på Sandane. I tillegg til eit spennande program fekk deltakarane omvisning i produksjonslokala til Bano.
Søk om prosessrettleiing fra InnoMed
InnoMed tilbyr ei god moglegheit for kommunar og helseføretak som jobbar med innovasjon i helsetenestene. Siste søknadsfrist i år for å søkje om prosessrettleiing fra InnoMed er 27. august.
3. juni – Bli med på ope partnarmøte hos Bano AS
Bli med på ope partnarmøte 3. juni 2026 på Sandane. Onsdag 3. juni frå kl. 10-14 inviterer vi til ope partnarmøte i Vilje Helseklynge på Sandane – ein sosial og tverrfagleg møteplass for alle som er opptekne av framtidas helse- og omsorgstenester. Meld deg på i dag via påmeldingsskjema som du finn her – deltaking er gratis. Gjennom inspirerande innlegg, faglege diskusjonar og gode samtalar ønskjer vi å samle partnarar, kommunar, næringsliv, forsking og andre interesserte til kunnskapsdeling og nye samarbeid. Her får du høyre erfaringar frå praksis, innsikt i ny teknologi og spennande tankar om korleis vi
VR tek plass i helsetenesta!
Over 150 deltakarar møtte opp då Vilje Helseklynge inviterte til VR-dag på campus i Førde 25. mars. Resultatet var ein dag som viste at virtuell røyndom ikkje lenger er framtidsmusikk. Det er eit verktøy som allereie sparar tid, stress og kanskje liv.
Gratis seminar om VR i helsesektoren
Kom og bli med på ein halv dag med fokus på VR teknologi. Arrangementet er gratis og ope for alle!















